Ravnejuv

For mer enn 150 år siden, så kom folk fra hele Europa for å oppleve Ravnejuv. Det ble til og med bygget et hotell like ved, for å ivareta alle turistene. Etterhvert dabbet interessen av, men de siste årene har stedet fått mer oppmerksomhet igjen. Noen kaller det Østlandets svar på Prekestolen, en ganske treffende beskrivelse.

I dag er det lett å oppleve stedet. Velg mellom å gå 100 meter fra parkeringsplassen, eller følg løypa fra Eidsbygda før Dalen. Sistnevnte er en dagstur på ca 20 kilometer t/r.

Det var tidligere en paviljong på stedet, her ble det til og med arrangert dans for ungdommen!

Ravnejuv er også kjent for sine oppadgående luftstrømmer. Kast en pengeseddel utfor, så blåser den tilbake! Eller, kanskje du foretrekker å kaste noe løv utfor kanten, i tilfelle luftstrømmen ikke er så sterk når du besøker stedet.

Nedenstående tekst er hentet fra informasjonsskiltet på stedet:

Våger du deg fram på ytste kanten av Ravnejuv, stirer du 370 meter rett ned den den fossande Tokkeåi mellom Åmot og Dalen. Kastar du ein pengesetel eller eit lommeplagg utfor, kjem dei raskt opp att med ein luftstraum.

I andre halvdel av 1800-talet, og i tiåra seinare, strøymde utanlandske turistar, og andre, til for å sjå og oppleva denne heilt spesielle staden. Staden er omtala i 1856 av Frederick Metcalfe frå universitetet i Oxford.

Det hadde kome hotell på Dalen, Hotel Lastein, og turistane vert tekne med på utfart til Ravnejuv. Vegen gjekk opp til Eidsorg og over Eidsborgåsen til Ravnejuv. Seinare kom det fleire hotell på Dalen, Bandak Hotel i 1880-åra og Hotel Dalen nokre få år seinare.

Dei mest prominente gjestane kom i 1878. Det var den svenske kronprins Gustav og den franske keisarprinsen Napoleon IV, som var på rundtur i Telemark. Prinsane hadde seg ein fin ridetur frå hotellet på Dalen og opp til Ravnejuv. Ved det same høvet hadde hotellverten, Olav Å. Sandåk på Nesland, kosta opp ein paviljong til kvilestad for det kongelege fylgjet. Den kjende tømmermannen Halvor Skaret frå Omdalsgrendi stod for byggjearbeidet. Det vart også sett opp eit par flaggstengar framme på kanten. Like før dei kongelege kom, skulle det prøveheisas flagg, men flagget på den eine stonga kila seg fast halvvegs oppe. Stonga vaia litt ut over stupet, men det stoppa ikkje Halvor Skaret. Han klatra opp i stonga med bare nevane og løyste knuten.

Året etter, i 1879, kom kong Oscar II til Telemark, og etter tradisjonen skal også han ha vore til Ravnejuv.

I åra seinare vart paviljongen bruka til samlingsplass og danseplass for ungdomane. Rundt 1920 sat ein bygdespelemann heilt framme ved Ravnejuvstolen og spela til dans. Ein annan ungdom stod på hendene heilt ute på stupet.

I 1900 var turiststraumen her så stor at Olav L. Omdal bygde sumarhotell like i nærleiken til Ravnejuv. Murane er enno synlege. Dette hotellet var i drift berre i 10 år. Huset vart flutt til Åmot og nytta til bustadhus og posthus, men så brann det ned i 1923.

Etter kvart som vegane vart bygde ut, kom Ravnejuv utanfor allfarveg. Berre dei ivrigaste turistane fann vegen hit, og staden vart gløymd.

I dei seinare åra har turiststraumen tatt seg opp att. Me vonar at dette atter skal bli ein stad som turistane søkjer for å fryde seg over eit fenomen i vår flotte natur.

Ravnejuv er ei vitjing verd, men vis varsemd framme ved kanten!